Wikipedia:Dagens skandinaviska artikel/Nynorsk/Vecka 22, 2016

Från Wikipedia
Diego de Almagro

Diego de Almagro (1479−1538) var ein spansk conquistador, ein kompanjong, og seinare ein rival åt Pizarro. Han var med i den spanske erobringa av inkariket og har fått æra av å vere den første europearen som oppdaga Chile.

De Almagro mista venstre auge sitt i ein kamp mot innfødde kystfolk i «den nye verda». I 1525 slutta han seg til Pizarro-brørne og Hernando de Luque i Panama for å starte erobringa av Peru.

Han kom seinare i konflikt med Pizarro-brørne og vart dømt til døden og halshoggen den 8. juli 1538. Kroppen vart hengt på Plaza Mayor i Cuzco og synt fram som eit teikn på nederlaget hans. Les meir …