Wikipedia:Dagens skandinaviska artikel/Nynorsk/Vecka 4, 2013

Från Wikipedia
Måleri av Camilla Collett frå 1839.

Camilla Collett (1813 - 1895) var ein norsk forfattar og kvinnesakskjempar, fødd Wergeland. Ho var dotter til Nicolai Wergeland og syster til Henrik Wergeland.

Ho er spesielt kjend for gjennombrotsboka Amtmandens Døttre som kom ut i to delar i 1854 og 1855. Dette var den første realistiske tendensroman i norsk litteratur. Dette vart òg den einaste romanen Camilla Collett skreiv. Første delen av boka vart gjeven ut anonymt, men den vart snart allment kjend som hennar verk. Ho har og skrive noveller.

Camilla Collett var den første store, kvinnelege forfattar i norsk litteratur. Collett fengslar stadig norske lesarar, både gjennom sin skjebne, sin skrivekunst og sitt uslitelege engasjement. Heideren Collett fekk kom også i eit moderne uttrykk da biletet av henne blei prega på portrettsida av den norske 100-kroneseddelen frå 1979-1997. Les meir …