Wikipedia:Dagens skandinaviska artikel/Nynorsk/Vecka 52, 2019

Från Wikipedia
Cosplayerar kledde ut som Elsa og Anna frå Frozen

Frozen er ein amerikansk dataanimert langfilm frå 2013, produsert av Walt Disney Animation Studios og utgjeven av Walt Disney Pictures. Han er den 53. animerte langfilmen frå Disney og er inspirert av eventyret «Snedronningen» av Hans Christian Andersen.

Filmen hentar mykje visuell inspirasjon frå Skandinavia, særleg norsk natur og byggjeskikk. Han fortel historia om ei prinsesse som drar på ei ferd saman med ein lokal isskjerar, reinsdyret hans og ein levande snømann for å finne den forsvunne systera si, som med sine overnaturlege evner har kasta ein trolldom over kongeriket dei bur i og dømt det til ein evig vinter.

Frozen hadde verdspremiere på El Capitan Theatre i Hollywood, California den 19. november 2013, før han vart tilgjengeleg på kino i USA veka etter, den 27. november. I Noreg og Danmark hadde filmen kinopremiere første juledag same året, under tittelen Frost. Filmen har vunne fleire prisar, mellom anna to Oscar-statuettar for beste animerte langfilm og beste originale song («Let It Go»). Les meir …