Wikipedia:Dagens skandinaviska artikel/Nynorsk/Vecka 26, 2020
Endometriose er ein vanleg medisinsk tilstand der slimhinna som kler innsida av livmora, endometriet, eller vev som liknar denne, vert funne utanfor livmora, og påverkar andre organ i bekkenet. Tilstanden kan leia til alvorlege helseproblem, vanlegast smerte og infertilitet. Endometriose oppstår først og fremst hos kvinner i den fertile alderen. Det vanlegaste symptomet til endometriose er smerte, oftast nede i mageregionen, i nedre del av ryggen og i bekkenregionen. Somme kvinner kan ha lita eller inga smerte sjølv med sterkt utbreidd endometriose, andre kan ha sterke smerter sjølv om tilstanden berre finst i små område.
Undersøkingar har vist at talet på kvinner med endometriose ligg mellom 2 og 10 prosent av dei i fertil alder. Mellom 30 og 40 prosent av kvinner med endometriose er infertile. Somme kvinner veit ikkje at dei har endometriose før dei får vanskar med å verta gravide. Medan utbreidd endometriose kan skipla dei anatomiske tilhøva i bekkenet, og på den måten forklara at infertilitet oppstår, er høvet mellom tidleg eller mild endometriose og infertilitet meir uklår. Der er inga behandling mot årsaka til endometriose. Les meir …