Hoppa till innehållet

Wikipedia:Dagens skandinaviska artikel/Nynorsk/Vecka 28, 2024

Från Wikipedia
Kapittelhuset frå Santa María de Óvila i California

Santa María de Óvila er eit tidlegare cisterciensar-kloster som blei bygd i Spania frå 1181 ved Tagus-elva nær Trillo i Guadalajara, rundt 140 km nordaust for Madrid. I dei neste fire hundreåra, under velstandstider, blei det vesle klosteret utvida og forbetra gjennom fleire ulike byggeprosjekt. Velstanden gjekk markant tilbake på 1800-talet, og i 1835 blei klosteret konfiskert av dei spanske styresmaktene og selt til private eigarar som brukte bygningane til vern for buskap.

Den amerikanske forleggjaren William Randolph Hearst kjøpte delar av klosteret i 1931 med tanke på å bruke steinane til å byggja eit stort og fantasifullt slott i Wyntoon i California, men etter at rundt 10 000 steinar var fjerna og sende, blei dei liggjande forlatne i San Francisco i tiår. Steinane er no på ulike stader rundtom i California: den gamle kyrkjeportalen blei reist ved University of San Francisco, og kapittelhuset blei sett saman att av trappistar ved Abbey of New Clairvaux i Vina. Les meir …