Wikipedia:Dagens skandinaviska artikel/Nynorsk/Vecka 30, 2022

Från Wikipedia
Internasjonal turbandag-markering

Turban er eit hovudplagg som har utgangspunkt i å vinda eit langt klede rundt hovudet. Det finst i mange variantar, og er tradisjonelt hovudplagg i ei rekkje ulike kulturar. Ein finn folkegrupper med framståande turbantradisjonar i Sør-Asia, Søraust-Asia, Den arabiske halvøya, Midtausten, Balkan, Kaukasus, Sentral-Asia, Nord-Afrika, Vest-Afrika, Aust-Afrika og blant ein del tyrkiske folk og askenasiske jødar.

Turbanbruk er utbreidd blant sikhar, både menn og kvinner. Hovudplagget har også religiøs tyding blant sjiamuslimar, og er tradisjonelt hovudplagg for lærde sufiar. Plagget er også blitt brukt av adelege frå ulike bakgrunnar. Vidare har turban vore brukt som klesplagg av kvinner i vesten, dels som del av folkedrakt, dels som moteplagg og dels i samband med behandlingar og hårtap. Les meir …