Wikipedia:Dagens skandinaviska artikel/Nynorsk/Vecka 31, 2012

Från Wikipedia
Robert Fripp frå ein King Crimson konsert i 1974

King Crimson er ei britisk rockegruppe som vart danna i 1969. Dei vert rekna som ein av grunnleggjarane av progressiv rock, og har trekt inn musikk og instrument frå mange sjangrar i løpet av karrieren sin (som jazz og folkemusikk, klassisk, psykedelisk rock, hard rock, heavy metal og new wave). Dei har påverka mange av dagens artistar og har mange tilhengjarar, trass i lite speletid på radio og fjernsyn.

Pete Sinfield har skildra Crimson slik: «… me nekta å spele noko som høyrdes ut som ei Tin Pan Alley-plate. Om det høyrtes for populært ut, så var det ut. Då det måtte vere komplisert, det måtte vere ekspansive akkordar. Om det høyrtes for enkelt ut, så gjorde me det meir komplisert, me spelte det i 7/8 eller 5/8 …»

Besetninga har stadig vorte endra og 18 musikarar og to tekstforfattarar har vore innom bandet. Den einaste musikaren som har vore med heile tida er gitaristen Robert Fripp. Les meir …