Wikipedia:Dagens skandinaviska artikel/Nynorsk/Vecka 37, 2015
Europaveg 16 i Noreg (E16) er ein norsk stamveg som går mellom Bergen og riksgrensa ved Kongsvinger (og vidare inn i Sverige). Til hausten 2012 var Sandvika i Bærum vest for Oslo endepunkt for vegen, strekninga frå Hønefoss til Sandvika er no berre ei arm av E16. Vegen var 493,8 km lang før forlenginga til riksgrensa, og han er del av Europaveg 16.
E16 er ein av hovudvegane aust-vest, og heile strekninga ligg nord for Oslo. På Filefjell (det høgaste vegpunktet, 1 004 moh) passerer i gjennomsnitt 700 køyrety i døgnet (trafikken er dobbel så stor i juli), av dette om lag 20 prosent tungtrafikk. Ved Nygårdstangen i Bergen passerer om lag 32 000 køyrety i døgnet, medan det i Sandvika i Bærum passerer om lag 35 000 køyrety i døgnet.
Den lengste vegtunnelen i verda, den 24 509 meter lange Lærdalstunnelen, ligg på E16. Det gjer også den over 11,4 kilometer lange Gudvangatunnelen, som er den nest lengste tunnelen i Noreg. Mellom Gudvangen og Lærdal er det 51,5 km, og av det 43,0 km i tunnel.
Mellom Bergen og Åsane deler vegen trasé med Europaveg 39. Les meir …