Wikipedia:Dagens skandinaviska artikel/Nynorsk/Vecka 37, 2019

Från Wikipedia
Hoppa till navigering Hoppa till sök
Vilhelm av Tyrus

Vilhelm av Tyrus (ca. 1130–29. september 1186) var ein historikar, krønikeskrivar og biskop fødd i kongedømet Jerusalem. Han var kanslar for Balduin IV av Jerusalem og erkebiskop av Tyrus. Vilhelm av Tyrus skreiv om dei første krosstoga og om soga til kongedømet Jeursalem i krøniken Historia rerum in partibus transmarinis gestarum («Soga om gjerningar utført over havet») eller Historia Ierosolimitana («Soga åt Jerusalem»). Verket er ei viktig kjelde til informasjon om krossfarartida, og Vilhelm av Tyrus blir rekna som ein av dei fremste historikarane i mellomalderen.

Vilhelm av Tyrus vart sannsynlegvis fødd i tidsrommet 1127-1130 i Palestina. Ein reknar med at han var av europeisk opphav, og det har tradisjonelt blitt hevda at foreldra hans hadde immigrert frå Frankrike, jamvel om det er uråd å seie noko sikkert om dette. Vilhelm skal ha lært seg å tale både latin, fransk, gresk og arabisk, og hadde også grunnleggjande kunnskapar i hebraisk og andre austerlandske språk. I trettiårsalderen reiste han til Europa for å utdanne seg vidare, anten i Frankrike eller i Italia. Han vende attende til Palestina i 1160 og rakk dimed å få med seg kroninga av kong Amalrik I i 1163. Då giftarmålet mellom den bysantinske prinsessa Maria Komnene og kong Amalrik I vart feira i Tyrus våren 1167, var Vilhelm framleis kannik ved bispesetet der i byen. Les meir …