Wikipedia:Dagens skandinaviska artikel/Nynorsk/Vecka 39, 2022

Från Wikipedia
Ein iPhone 5 med normal bruksslitasje

iPhone 5 er ein smarttelefon som var utvikla og marknadsført av Apple Inc. Han er den sjette generasjonen iPhone og etterfølgjaren til iPhone 4 og iPhone 4S. Telefonen vart formelt avduka den 12. september 2012 under ein pressekonferanse og lansert på marknaden i utvalde land den 21. september 2012. iPhone 5 var den første iPhone-modellen som vart annonsert i september, og markerte starten på denne trenden for påfølgjande iPhone-avdukingar, var den første iPhonen som var utvikla under rettleiing av Tim Cook og den siste modellen under tilsyn av Steve Jobs. Telefonen hadde ein skjerm på 4 tommar og vart utgjeven om lag ti månader etter bortgangen til Steve Jobs.

iPhone 5 introduserte fleire designendringar i høve iPhone 4S. Endringane inkluderte ei aluminiumsbasert innfatning som var tynnare og lettare enn tidlegare modellar, ein høgare skjerm med eit storleikshøve på nesten 16:9, Apple A6-prosessoren, LTE-støtte og Lightning, ein ny kompakt utgang som erstatta 30-pins-utgangen brukt i tidlegare iPhone-modellar. Les meir …