Wikipedia:Dagens skandinaviska artikel/Nynorsk/Vecka 40, 2019

Från Wikipedia
Måleri av Vera Mukhina

Vera Mukhina (19. juni 1889-6. oktober 1953) var ein russisk bilethoggar med ei framståande stilling innnan sovjetisk kunst. Ho er særleg kjend for monumentalstatuen Arbeidar og kolkhozkvinne frå 1937. Denne drøyt 24 meter høge monumentale stålstatuen er eit av dei best kjende verka knytt til sosialistisk realisme. Mannen og kvinna i skulpturen løftar hammar og sigd saman, og dannar slik symbolet for Sovjetunionen. Arbeidar og kolkhozkvinne krona den sovjetiske paviljongen på Verdsutstillinga i Paris i 1937. Statuen blei eit symbol for Sovjetunionen, og blei teke i bruk som logo av filmstudioet Mosfilm. Skulpturgruppa blei restaurert 2003-2009 og plassert i Det allrussiske utstillingssenteret i Moskva.

Mukhina eksperimenterte med nye materiale for skulpturar, og utvikla mellom anna ein teknikk for å få dei fleirfarga. På 1950-talet utvikla ho teknikkar for skulpturar av glas og arbeidde med formgjeving. Ho teikna tekstil, klede, glas og porselen, i tillegg til kostyme for Vakhtangovteateret i Moskva. Ein del av designa hennar blei masseproduserte. Frå 1941 til 1952 vann Mukhina Stalinprisen fem gongar, og blei utropt til Folkekunstnar av Sovjetunionen i 1943. Les meir …