Wikipedia:Dagens skandinaviska artikel/Nynorsk/Vecka 43, 2019

Från Wikipedia
Hoppa till navigering Hoppa till sök
Den europeiske okkupasjonen av Nord-Amerika, 1702

Dronning Anne-krigen (1702–1713) var den nordamerikanske krigsskodeplassen i den spanske arvefølgjekrigen og den andre i ei rekkje franske og indianske krigar mellom Frankrike og England (seinare Storbritannia) i Nord-Amerika for kontroll over kontinentet. Den spanske arvefølgjekrigen vart hovudsakleg utkjempa i Europa. I tillegg til dei to hovudpartane, omfatta krigen òg mange indianske stammer, allierte til kvar nasjon og Spania, som var allierte med Frankrike.

Etter ein innleiande fred i 1712, enda Utrecht-traktaten krigen i 1713. Han førte til at franskmennene avstod krava sine til områda Hudson Bay, Acadia og Newfoundland til Storbritannia, medan dei fekk behalde Cape Breton og andre øyar i St. Lawrence-bukta. Somme av vilkåra var fleirtydige, og interessene til dei forskjellige indianske stammene vart ikkje omfatta i avtalen, noko som danna grunnlag for framtidige konfliktar. Les meir …