Wikipedia:Dagens skandinaviska artikel/Nynorsk/Vecka 51, 2018

Från Wikipedia
Hoppa till navigering Hoppa till sök
Jiminiy Cricket syng «When You Wish upon a Star» i filmen om Pinocchio

«When You Wish Upon A Star» er ein song skriven av Leigh Harline og Ned Washington for Walt Disney-filmen Pinocchio i 1940. Den originale versjonen vart sungen av Cliff Edwards som den talande grashoppa Jiminy Cricket, og vert høyrt over opningsteksten og i den siste scenen i filmen. Songen har sidan vorte den representative songen for The Walt Disney Company.

«When You Wish Upon A Star» vann Oscarprisen i 1940 for beste song. Amerikanske Library Of Congress tok Cliff Edwards sin versjon av songen opp i sitt National Recording Registry i 2009. I Japan, Sverige, Finland, Noreg og Danmark har songen vorte ein julesong, der stjerna nemnd i tittelen vert rekna som julestjerna. Dette kjem av tradisjonen med å vise Disney-filmar på julaftan. Den svenske versjonen vert kalla «Ser du stjärnan i det blå» og den danske tittelen er «Når du ser et stjerneskud». Les meir …